tirsdag 29. juli 2008

Anna Gavalda - Saman er ein mindre aleine

Saman er ein mindre åleine handlar om fire menneske som på forunderleg vis finn saman og tek
vare på kvarandre. Når vi møter dei, lever dei alle aleine og marginalt i det franske samfunnet og i
Paris. Camille er ei utmagra og forfrosen reingjeringshjelp. Philibert har adeleg namn og stor bustad nær Eiffeltårnet, men livnærer seg med å selje postkort på gata. Franck elskar å køyre store
motorsyklar og forføre damer, når han ikkje jobbar som kokk. Paulette, bestemora til Franck,
kjemper for eige liv i eigen heim, men må til slutt på pleieheim.

Ingen kommentarer: