tirsdag 29. juli 2008

Uvenner

BOKOMTALE
Namn på boka: Uvenner
Forfattarar: Kaia, Bendik og Trond Brænne og Per Dybvig.
Forlag: Aschehoug
År: 2008
Bildeboka UVENNER er ei bok både barn og vaksne kan ha moro av å lese.
Det er 5 hovudpersonar i boka: skjæra, høna, hesten, grisen og kaninen. Skjæra har
bestemt seg for å pusse opp reiret sitt og plukkar reiret mest heilt i frå kvarandre og
legg alle pinnane og kvistane på bakken under treet.
Høna kjem forbi medan skjæra sit oppe i treet og grunnar på oppattbygginga. Høna
fann ein fin vaglepinne som ho tar med seg og legg han utanfor hønsehuset. Der finn
hesten pinnen han har leita etter i lang tid. Litt seinare kjem grisen forbi stallen og
blir kjempeglad da han finn pinnen. Til sist finn kaninen pinnen utanfor grisebingen
og tar han med heim til seg sjølv.
No har skjæra byrja å leite etter pinnen sin. Ho spør både høna, hesten og grisen om
hjelp. Det rare er at alle savnar ein pinne. Det må vere ein tjuv på ferde.
Dei finn pinnen hos kaninen. Men kven er eigentleg tjuven og kan dei klare å vere
venner når alle vil ha pinnen?
Dette er ei bok å kose seg med og lære av. Teikningane er styggpene og ein kan godt
skjøne at det ikkje berre er gjort i ei handvending for dei 5 dyra å bli venner att etter
slik ei «traumatisk» oppleving.

Ingen kommentarer: