Dette er lettleste sommarbøker, som er basert på ei verkeleg hending frå forfattarens eigen familie på Jæren på 1600-talet. Det handlar om ei jente som heiter Marine og familien hennar. Ho fekk barn med stefaren sin og vart dømd til døden men klarte å rømma. Ein fylgjer familien hennar heime på garden på Jæren og Marine på flukt frå lensmenn og andre som vil ha tak i henne.Marine treffer på Hallgrim som også er på flukt frå ein lensmann. Han er skulda for noko han ikkje har gjordt. Mange er redde for og trur på trolldom og hekser.
Både Evje og Bygland er med i handlinga, og så vidare på kysten i Aust Agder.
Folk og hendingar vert skildra slik at det er lett å lesa og vanskeleg å leggja frå seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar